torsdag 15. februar 2018

Bær


Bær er ordet i utfordringa til 
denne veke.

Mitt bidrag er den kjempegode
Marengskaka som ber på 
masse bær.



Gemsweeklyphotochallenge v. 7 - Bär -





mandag 12. februar 2018

Orkidé



Den vakre Orkidéen i fin krukke 
fekk mannen min etter å ha vore med
å underhalde i pensjonistlaget.

Det fell litt goder på meg som er heime også ....






søndag 11. februar 2018

Snøballstrikk


Eg strikka først eit par barnehagevottar etter ei
oppskrift eg har brukt før.
Men så bestilte eg mønster frå

Snøballvotter og Snøballhue
i garnet Alpakka Wool frå 
Du Store Alpakka

I denne langvarige vinteren håpe eg
Ella Victoria har bruk for
dei varme mjuke vottane og hua.








onsdag 7. februar 2018

Fastelavnsris


(Mitt ris står utfor døra fordi eg er allergisk
mot både bjørka og fjøra)

Fastelavnsris
er bjørkekvistar pynta med fjør i mange fargar.
Det er fast tradisjon over heile landet at medlemmar
I Norske Kvinners Sanitetsforening
går rundt på dørene til folk og sel fastelavsris
veka før Fastelavnssøndag.
Det var Norske Kvinners Sanitetsforening som innførte
fastelavnsriset i Noreg
i 1946.
Inntektene går til det frivillege arbeidet
saniteteskvinnene gjer i bygda.


I går etter skule og barnehage var
Leah Sofie og Ella Victoria klar for å gå rundt
i bygda og banke på dørene i lag med farmor.
Absolutt alle me møtte kjøpte ris
av oss.
Kjekt å oppleve så fin mottaking.









mandag 5. februar 2018

Stor


Er ordet denne veke i
utfordringa til 

Eg hentar eit bilde frå ein 
flott tur til Kirkenes for nokre år sidan.

Eg var ikkje stor
då eg sto ved sida av eit køyretøy
i Syd-Varanger gruver.












søndag 4. februar 2018

Silhuett


" Blå var dagen,
bjørki ute
risa rim på
himlens rute "

Olav H. Hauge



Januarbilde 
frå Furuhogane
Harpefossen.






torsdag 1. februar 2018

Ingens gate

Her og no
sit eg og minnast  dei fine dagane
 i Oslo i november.
 Og spaserturen min langsmed Akerselva 
som eg skreiv om


Eg gjekk lenge og kika på dei
populære graffitiveggane 
i Brenneriveien.


Frå brua over Akerselva kom eg til
inngangen av Ingens gate.





Ingens gate 
er ikkje så lang.




Eg lika kunstverka på veggane.