Eg kan ikkje hugse frå min barndom
at far min dreiv med
krabbefiske.
Men yngste bror min Jon-Ove
er ivrig med det,
og ein dag i ferien hans
var mannen min og eg med ut på
sjøen for å drage
krabbeteiner.
Teina er tømt og lagt i
fisk som agn før
den blir sett ut att
Bror min er eksperten på dette
Eg lika både det som er inne
i krabbehuset og
i klørne.
Sjølvsagt med brød og majones.
Nydeleg måltid toppa med
litt blankt i glaset.
Eg er klar til å fylgje fleire gongar
for dette var spennande.
........
Tusen takk for alle helsingane på
innlegget om Karsten Warholm.
Han er ein flott fyr med
begge beina godt planta på jorda.

