onsdag 13. mai 2015

Sjarmen med tarmen

Om det fantastiske organet
som tarmen vår er,
av 
Giulia Enders

Forfattaren er lege og forskar.
Giulia Enders fann ut at hudsjukdomen ho hadde
eigentleg var ein tarmsjukdom som hadde sitt 
utslag på huda.
Ho bestemte seg for å studere medisin og finne ut meir om
tarmens funksjon og korleis den påverka resten av helsa vår.
Det viser seg at det er viktig å halde oppe god
bakterieflora i tarmen for å kunne ha god helse.
Boka fortel om kor fantastisk tarmen vår fungerar,
kva som er normalt og ikkje, og om korleis 
me kan ta vare på den.
Ubalanse i tarmen kan føre til blant anna smerter,
oppblåstheit, overvekt, derpresjon, allergi og Alzheimer.
Ho skriv på ein morosam måte,
om avføring som det ikkje er så vanleg å snakke om.
Blant anna skriv ho om kva som er beste 
sittestillinga når ein er på do.
Frå tidenes morgen har den naturlege
måten for menneska vore å sitte på huk,
moderne toalett vart ikkje vanleg før på
slutten av 1800 talet.
I store deler av verda står ein i hockeystilling over
toaletta sine.
Ein kan sitte på huk på toalettet også,
bøy overkroppen lett framover og 
plasser føtene på ein liten krakk... !
Det er interessant at omlag 1,2 milliardar menneske i verda
som sit på huk, knapt nok har divertikler og hemoroider.....

Boka er ei fryd å lese.
Spennande frå første til siste side.
Kanskje eg likar den så godt fordi eg 
har litt kunnskap om
anatomi og fysiologi 
frå utdanning og jobb,
men eg trur alle vil finne denne boka
interessant å lese.

Ha ein fin dag.

Anne-Mari



4 kommentarer:

  1. Høre det er flere som skryter av boken!
    Nyt dagen,tror den må leses etterhvert.
    Klem Christina

    SvarSlett
  2. Takk for godt boktips - denne skal jeg lese !!
    Kanskje finner jeg ut noe ;)

    Klem fra Ann Elisabeth

    SvarSlett
  3. hehehe, ja det er rart kva som kan bli underhaldane, om det berre er skrevet på rette måten.
    Sjølv held eg på med 'Kjærlighetens fem språk', og finn det meget lærerikt.
    Ønskjer deg ein flott dag vidare!
    Siri

    SvarSlett
  4. Den boka fanga interessa mi då eg las om den ein eller annan plass - huskar ikkje kvar. Har hatt store problem med nettopp det organet siste månadane som har gjort at eg måtte sy inn bunaden i dag! Om eit år sit eg nok og syr den ut igjen :) Skal lese den boka ja....takk for tips!
    Ønsker deg ein fin kveld!
    Klem frå Alva.

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)