lørdag 19. november 2011

Oransje

            I desse dagar har dei fleste begynt å tenkje på advent og jul.
Det har eg òg.
Men må fortsette litt etter siste bildet i forrige innlegg ;)
                               Dei som har kjent meg lenge hugsar at oransje var
                                                     favorittfargen.                      
                         Har 6 par av desse koppane, dei har vore  lenge i skapet no,
                                              men er i grunnen fine J

                        Vekta (som eg gløymde å vise i innlegget om bismaren) og kjøkenmaskina,
                           innkjøpt i ”oransjetida” vert brukt når julemòren skal lagast J

Syns framleis oransjefargen friskar opp.

                                      For nokre år sidan var eg på eit kurs
                                                     for sjukepleiarar.                             
                                Innleiaren hadde eit oransje sjal rundt halsen.
                             Ho fortalde om kor denne fargen kan påverke oss,
                                        at den kan endre sinnsstemninga,
                                         ja til og med auke livskvaliteten.
                           Etter ein stor operasjon var ein pasient nedfor,
                            fekk ikkje i seg mat og hadde dårleg framgong.
                        Sjukepleiaren greip inn, gjekk med oransje sjal, pynta
                              matbrettet med oransje serviettar og blomster.
                               Det vart påstått at dette snudde pasienten sin situasjon,
                                                    og dama kom seg J


Eg har undersøkt litt om fargar,
om oransje står det at fargen :
gir kraft, healing, kreativitet, vitalitet,
tankefullhet, forandring.
Den virkar opplivande, oppmuntrande,
gjer deg glad.
Den får fart på energien din og på
livet ditt.
Lettar deg for å ta livet for alvorleg.

Må vedgå at eg ofte brukar oransje sjal,
kanskje når eg treng det mest ?
Eg har forresten ei oransje kåpe òg, som
eg særleg brukar om våren og ofte får
positive kommentarar til ;)

Gode ynskjer om ei fin helg
frå Anne-Mari






3 kommentarer:

  1. AAFK koppar ;-)
    ikkje akkurat min farge, men ser at andre kler den svært godt..

    Ha fin søndagskveld!

    SvarSlett
  2. Hei!
    Så bra! Jeg kjenner meg litt sliten etter nattevakter i helga, kanskje jeg skal finne fram et oransje skjerf jeg har...
    Farger tror jeg er viktigere for oss enn vi aner! Ble litt nostalgisk da jeg så "assistenten" - mamma hadde maken!

    Takk for fin blogging!

    Klem,
    Line

    SvarSlett
  3. Då skal eg finne meg noko oransje!

    Kjempe fine bilder med inspirasjon og lekre detaljar..

    Takk for kos helsing frå deg ♥

    Gledar meg over bloggen din :)

    Klem frå Astrid ♥

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.