søndag 2. juli 2017

Tur rundt øya


Trimturen i dag på søndag 
gjekk på vegen rundt Dimnøya.
Me vart invitert med av
eldstesonen Andrè, 
svigerdotter Renathe og dei to eldste
jentene

Det er ca 1 mil rundt.
Det er lenge sidan me gjekk denne turen,
for det er litt hardt å gå på asfalt.
Duskregna gjorde det heile tida,
men fin temperatur.
Kjekt å gå i lag, og praten går om litt av kvart.

Fargerike Lupiner finst i hopetal.
Dei er fine å sjå på, men det er nok god grunn til
at dei står på svarteliste.
Dei fortrenge naturlege vekstar.

Her var ein blomst eg ikkje veit namnet på.

Siste del av turen gjekk forbi 
Sundgotmarka barnehage der 
yngstejenta går

Klikk på bildet og
sjå det flotte gjerdet.
Fargerik velkomst for borna.

Alle var samde om at det var ein fin tur.

Seinare på dagen åt me Taco hos dei.
(eg tok visst bildet før alt kom
på bordet...)

Takk for ein koseleg dag i lag.








fredag 30. juni 2017

Svele


Sist helg hadde me overnattingsbesøk av barneborna
Celina Marie, Leah Sofie og Ella Victoria.

Eg kom på at det var lenge sidan eg laga svele,
og at det kanskje ville glede dei,
både å få sjå prosessen,
 og å smake.

 Det er ganske raskt å lage når ein
har takke.
Takka arva eg etter mor mi som var 
dyktig lefsebakar.

Både jentene og eg lika best svelene
med brun ost.
Smør og sukkerblanding er
eit anna vanleg alternativ å ha på.

Svelene er absolutt best når dei er nysteikte og varme
og alle fekk ete så mange dei ville.
♥

Eg har mange oppskrifter på svele,
men denne gongen brukte eg







tirsdag 27. juni 2017

Bad



I utfordringa til 
er ordet
BAD

Eg har venta og venta på sjangsen til å ta sommarens
første bad, 
men med temperaturar på 10-12 grader
fristar det ikkje...

I dag tok eg heller ein trimtur
og fraus slik i den kalde vinden at
eg måtte ta i bruk hetta på jakka. 


Dette er er draumen som forhåpentlegvis blir
oppfyllt innan kort tid,
iallfall i juli....

(Desse bilda er frå eit par år sidan)



Sjå andre sine badebilde 







fredag 23. juni 2017

Jonsokkoll


Jonsokkoll 
av Inger Hagerup

De kaller meg jonsokkoll.
Men jeg er et loddent troll,
tykkmaget, lillagrønn,
de underjordiskes sønn.

Så pussig å vokse opp
og strekke sin vesle kropp
på blomstrende jonsokvoll
og være jonsoktroll.





Gratulere med dagen til barnebarn Hans-Petter
som er tenåring i dag !

Ynskjer alle ei fin jonsokaftan !





torsdag 22. juni 2017

Bienes historie


Bienes historie 
av Maja Lunde
er ei fengslande bok
 om tre familiehistorier vevd inn i kvarandre,
om foreldre og barn, om menneska si sårbarheit
og ei heilt spesiell bikube.

Før eg var ferdig med lesing av boka
oppdaga eg ein interessant artikkel om
Bifolkets univers i lokalavisa Vestlandsnytt
(avisa er dessverre ikkje på nett)
Det var eit fint intervju med birøktar Vidar Kalland og
nybegynnaren Are Grimstad.
Dei fortel at det er stor interesse for 
å drive birøkt her på Sunnmøre.
Møre og Romsdal er einaste regionen som
ikkje opplever utbreidd biedød.
 Den frykta Varroa-midden har spreidd seg over
heile verda og vart påvist i Noreg i 1993,
men Møre og Romsdal har gått klar.

"Naturen er avhengig av biene.
Visst pollineringa
stoppar opp, har vi ikkje lenger mat "
seier dei.

”Om biene skulle døy ut, ville menneska 
ikkje ha meir enn fire år att å leve”,
 sa Albert Einstein 
då han innsåg kor avgjerande bestøvinga til insekta er
 for naturen og menneska."  


Eg vil anbefale deg å
 lese denne boka.








mandag 19. juni 2017

Sol


Det er tid for 
Gemsweeklyphotochallenge veke 25 og ordet er
 SOL



Slik kan junikvelden ende
etter styrtregn og vind
tidlegare i kveld


og sola speglar seg gjennom regndropar i 
Vitrineskapet i stova.

Det er to-tre dagar til sola snur
og det er lyst som dagen ute.

God natt !




Sjå fleire solbilde HER






søndag 18. juni 2017

Hundekjeks




HUNDEKJEKS

Er jeg en blomst? Det vet jeg ikke.
Med løftet blondeparasoll
står jeg blant pengeurt og vikke
og storkenebb og jonsokkoll.

Jeg kommer sent. Men når jeg kommer
og kanter landevei og grøfter
med mine hvite juniløfter
da er jeg ikke blomst, men sommer.

Inger Hagerup





Hundekjeksen gjer sitt beste for å overtyde
oss om at det er sommar.
Det veks og er grønt og vakkert over alt rundt oss.
Regn og temperturar på 11 - 12 grader
må me berre godta.
Varmen kjem nok - i år også :)


Ynskjer deg ei fin ny juniveke !