tirsdag 10. oktober 2017

Høgt


Hos Gemsweeklyphotochallenge er
ordet denne veka
Høgt

I dag var det betongarbeid
ved sjøen her eg bur.
Den lange arma på 
betongpumpebilen raga høgt i vëret.

No har eg gått ei runde og kika og ser at det
er småbåthamna som
er støypt.
Kanskje hugsa lesarane mine at eg skreiv om 

Etter ein heller grå dag vart
det ein fin kveld.
Sola skin høgt over skyene.










søndag 8. oktober 2017

Naturen


fengsla meg 
under køyreturen på
Gamle Strynefjellsveg

Duvande myrull ved ein liten bekk


Dei grønkledde viddene
har gått gjennom den store endringa 
og fått 
rustraud drakt



Blåklokke på høgfjellet i oktober




                                             ------
" Ja, syng om at også september kan romme
en varme som verne mot vinterens vind
der håpet om solfylte døgn som skal komme
ligg gjømt som et frø i ditt mollstemte sinn,
- så famn oss, september, og gje oss å brenne
som bål imot vinterens kjølig pust
i tru på at sommaren aldri skal ende
men bæres som jernbyrd i oker og rust."

Helge Stangnes






    



tirsdag 3. oktober 2017

Gamle Strynefjellsveg


Ein eksplosjon av fargar er synet
ein møter når ein
køyrer 
Gamle Strynefjellsveg
 frå vest til aust i Noreg.








Det tok si tid å køyre over fjellet denne haustdagen
for eg måtte stadig ut av bilen
for å fotografere.






søndag 1. oktober 2017

Saragenser til Ella Victoria



Ho blir 5 år i november,
men genseren er ferdig og ho kan sjølvsagt 
ikkje vente så lenge med å få den.


Genseren er strikka i str. 6 år og
er nok litt stor, men ho sjølv
er godt fornøgd.

Saragenser etter oppskrift frå
Strikka med tråden 
Faerytale frå Du store alpakka.
Den er særdeles mjuk og delig å ha på.

I fjor haust strikka eg 








lørdag 30. september 2017

Peer Gynt hytta


i Rondane

Mannen min og eg budde 3 døgn på 
Rondane Høyfjellshotell 
og gjekk fine turar i
det vakre terrenget om dagane.


Den fantastisk flotte steinhytta har fått namnet etter
sagnet om Peer Gynt i det
dramatiske diktet av Henrik Ibsen


Det var ikkje ope denne dagen så me fekk
ikkje sjå innvendig.




Det er flott natur i Rondane med haustfarga vidder
og 
ville steinformasjonar rundt elvefara.




Me parkerte bilen ved
Smuksjøseter fjellstue
og gjekk derifrå
 til Peer Gynt hytta
Då me kom tilbake åt me sein lunsj der.

Deilig rjømegraut med spekemat og
raud saft.



Eg deler bilda av dørene hos







søndag 24. september 2017

Hårpynt


Eg er ikkje flink til å kaste ting,
og kosa meg litt då eg kom fram på 
denne samlinga i skapet.
Hårrullar hadde eg kanskje kunne brukt enno,
i tilfelle dei minste.
Postisjen/laushåret hadde eg på meg som brud, 
og eit par gongar i fine anledningar,
men det er 40-50 år sidan...
"Smultringen" til Ballerinaknute trur eg neppe
eg har brukt. Eg har vel aldri hatt 
SÅ langt hår...

Eg skal jammen vise det til 
barneborna,
kanskje vil dei prøve ? 

Litt moro var det iallfall,
å sjå på det.
Trur du at det blir kasta ?
Nei, 
kjekt å ha :)