Klokka nærma seg åtte då mannen min
foreslo å fare på kveldstur i
Herøy.
Eg har lenge hatt lyst til å gå på
Muletua på Nerlandsøya igen,
der eg var på tur
med elevar då eg var lærar
på Herøy vgs. for lenge sidan.
21.15 starta me frå parkeringsplassen,
og det tok 45 min opp.
På veg oppover.
Ein ser Svinøy fyr i horisonten
Me ser ned i Mulevika,
ein populær stad, der ein får oppleve storhavet på nært hald.
Fin badestrand og store bølger.
Me ser Skorpesundet, viktig kanal inn til Noreg for
Shetlandsgjengen under krigen
Litt under toppen står det ei kvilehytte.
Eigentleg rart at den står i mot
dei kraftige stormane som herjar.
Ottar på toppen av Muletua
Mot sør ser me Skorpa,
Sandsøya med Dollsteinen,
og lengst bak er
Stadlandet
Mot nordaust ser me
øya Runde.
Eg skal vise bilde frå turen heimatt med solnedgang
i eit anna innlegg.
Helsing frå hytta med fyr i omnen,
regn og 11,5 grader ute.