Eg er så heldig å ha svigerforeldra mine
i nærleiken.
Dei er oppi åra no, men har eit
livsmot og hugs som me yngre berre kan
drøyme om
Dei har vore gifte i snart 66 år !!
Eit døme på svigermor sin gode hugs er då ho idag sa
at dei har vore ilag sidan
23. eller 24. mai 1944 !!
23. eller 24. mai 1944 !!
Judith er 84, og Hans er 90 år
Denne helga (palmehelga) har snøen lava ned her heime.
Har ofte høyrt at dei brukar forskjellege namn på snøen
så me tok med noko godt til kaffi og fekk
dei til å fortelje.
Her brukar eg dialektordet snøv som er vanleg her.
Fjautr - litt snøv i lufta, berre så vidt du ser fjoma
Mjellsnøv - tørr snøv (pudder), fyk ofte i skavlar
Slettekave - sludd
Blåstøde - snøv og vatn blanda, blåfarge på snøven
Kræmesnøv - kram snøv, fuktig, ikkje våt, god å lage snømann av
Klabbeføre - litt våt og fuktig snøv, legg seg tjukt under skia
som å gå på styltrer
Skaresnøv - knallhard snøv
Haglebarèling - haglbyge
Judith og Hans brukar mange gode ord og uttrykk
som absolutt skulle vore skreve ned.
Men forsørge meg trur eg dokke forstandige
kan nokre av dei ☼
Men forsørge meg trur eg dokke forstandige
kan nokre av dei ☼
Helsing Anne-Mari
Forstandig og forstandig.. jeg greide klabbeføre! Flotte svigerforeldre! Heldige dem! Heldige du!
SvarSlettFin mandag til deg! Her er det ikke så mye som et snøfnugg i sikte, heldigvis ☼ Men litt kaldt da..
Klem fra Inger
Ja, heldige meg :)..og du som er forstandig :)
SlettHer heime er både snø og kaldt... nokså utanom det vanlege.
Artig den aprilspøkquisen din. Men eg greide ikkje den nei :)
hei Anne-Mari, kjekt å lese om gamle uttrykk, du må få dei til å komme med fleire, slikt er så kjekt, mange ord held på å gå i gløymeboka desverre. helsing Aud-Sølvi
SvarSlettJeg er så enig! :-)
SlettHeia :-)
SvarSlettKjende uttrykk for meg, utanom fjautr, den var nye for meg.
Og som du seier: Nokon skulle ha teke vare på gamle ord og uttrykk, dei forsvinn frå språket vårt litt etter litt.
Mvh Bente
Det er så kjekt å sjå Judit og Hans so er so oppegående. Må snart stad og helse på dei. God påske på hytta.
SvarSlettSå flotte eldre mennesker! Og for noen fine uttrykk.. kan jeg kopiere dem (ikke svigerforeldrene dine da, men uttrykkene) og legge inn under "Snø" på dialektbloggen min? Som kommentar?
SvarSlettKlart du kan Elin.
SvarSlettTenkte faktisk på at kanskje du det, at du kan bruke desse uttrykka :)
Velbekomme !
Endå eit kjekt innlegg frå deg! :)
SvarSlettSlettekave :)
Såg veeeeeldig gode ut rundstykka dine!
Takk for slike fine ord frå deg ♥ :)
Ynskjer deg ei god påske! ♥
Klem frå Astrid
Ja det lava godt ned mandag kveld. Kjekt med snøv, ungane har kosa seg ute i dag, mens mor har brukt litt muskler og måka :-))
SvarSlettVar nok eit par uttrykk eg ikkje kjende til.
Blir heimepåske på meg og ungane i år,Rune har reist.
Men det ligg no ann til skiturar her heime etter all snøen som kom:-))
Ynskjer dokke ei fin påske!!
Klem Gry
Så artig eit innlegg!
SvarSlettog ja no er vi bra nedesnøva :-)
Fin Påske til deg og dine!