torsdag 12. februar 2015

Svøm med dem som drukner


skrive av
Lars Mytting


Eg fekk boka i julegåve, men kom ikkje i gong
med å lese den før denne veka.

Eg har lett for å bli riven med av innhaldet i bøkene
eg les, og ofte kjenner eg at
"dette var ei god bok..."

Men DENNE boka kan eg trygt seie er av 
dei beste bøkene eg har lese,
og heng meg på her:

"....sannsynligvis årets
mest medrivende roman."
Rune Hallheim, Aftenposten

Gyldendal:
" Høsten 1971 blir et kjærestepar funnet omkommet i Frankrike, på en avstengt, skogbevokst slagmark fra første verdenskrig. Deres tre år gamle sønn Edvard er sporløst forsvunnet. Fire dager senere dukker han opp på et helt annet sted i Frankrike.
Ingen vet hvor Edvard har vært, og han vokser opp på en fjellgård i Gudbrandsdalen sammen med sin tause bestefar.
Hva gjorde foreldrene i det avstengte skogholtet, og var det en tilfeldighet at de tråkket på en gammel gassgranat fra krigens dager?
Og hvem har, til bestefarens begravelse, sendt dem et praktstykke av en kiste, snekret i et treverk ingen har sett make til?
Letingen etter svar fører 23 år gamle Edvard både til Shetland og tilbake til Frankrike, der han må grave seg inn i de mørkeste krokene i familiens fortid. En fortid som er tett vevd sammen med de store europeiske hendelsene fra forrige århundre, men også lidenskapen til en mestersnekker som søkte lykken i 30-tallets Paris."


søndag 8. februar 2015

Votter og tøfler


Eg er inne i ein liten stim av strikkelyst.
Skuldra har gitt løyve til 
utskeielsar med enkel strikk i rimelege mengder...
Det passa fint akkurat no for
 to av barnebarna skal
på turar i vinterfjellet.


Benjamin 14 år er niandeklassing og
konfirmant til hausten
Han skal på to turar.
Til Fjellsetra med ungdomsskulen,
og konfirmantleir på 
Orreneset.

Han får med seg

varme tøfler i str. XXL

og to par tovavottar.

Vona han får bruk for dei og får
fine dagar med gode
opplevingar.

God tur til
Celine Marie og
Benjamin
♥

Klem frå farmor




torsdag 5. februar 2015

Pyntekant

Med mykje snø rundt hytta 
kan ein sjå at
snøen har mange ansikt.


Utebenken i cedertre har fått pynta kanten sin.


På nabohytta har snøen slått på stortromma og
pynta skikkeleg.





tirsdag 3. februar 2015

Tova vottar


I dagane etter jul har eg strikka nokre 
par vottar.
Kulden i jula gjorde små og store fingrar
iskalde 
og eg lovde meg sjølv og andre
at eg skal strikke eit lite lager
med varme vottar
på hytta.

Dette er nokre av vottepara.

Men alle blir nok ikkje liggande på hytta.
Neste veke skal to av barneborna på
skiskule og leir så då passa det 
at farmor har varme tova vottar
på lager.


Namnelappar har eg ikkje skaffa meg så
her måtte eg improvisere.
Bendelband og tekstiltusj vart kjøpt inn.
Eg skreiv forbokstavane på ei
kort remse og sydde den
på innsida av kanten.

Celina Marie fekk to par i dag
og gler seg til skiskule på Dombås 
med resten av sjuandeklassingane.

Vottane er strikka i Fritidsgarn på 
pinnar nr. 5,5
etter oppskrift frå:

bloggen Kjerstrikk





mandag 2. februar 2015

Perleblomster


 Muscari botryoides
har lange slanke stilkar og små
blå eller kvite blomster.


Desse er ganske lyse i blåfargen, eg synest dei er vakre.
Dei likar seg godt i det gamle
såpesettet i emalje,
på dynamittkassa.

Ein god start på februar !