lørdag 29. mars 2014

Skinnfellen


Eg fekk mange flotte gåver sist eg feira bursdag,
og viste litt av dei 

I dag vil eg skrive om den 
fantastiske skinnfellen eg fekk.
Den er så fin 
at eg tore nesten ikkje å bruke den :)
Gåva fekk eg av mi gode svigerfamilie,

svigermor og svigerfar,
dei eg er svigerinne til, tante og
grandtante til.


Å lage skinnfellar er eit gamalt handverk.

Symbol som blir trykte på ein fell var det frå gamalt faste reglar for.
Og dei same symbola er på min,
 vannbord (bølge), dyr, plante, sol og hjarte. 
som symboliserar liv/fruktbarheit, og føresetnad for liv.
 Her skal også vere eit trykk av eit "femte element " som
skal beskytte meg mot vonde ånder.


Eg kjenner varmen av dei gode ynskja.
Hjarteleg takk til dykk alle.

På kantbandet er forbokstavane mine og årstalet
trykt.
Den er min !!!

Eit framifrå handverk av kunstnaren !



Eg ynskjer deg ei fin helg !

Anne-Mari




torsdag 27. mars 2014

Kusymre

Primula vulgaris
tyder
" den første om våren "






Eg tok bilda 24. mars.
Kan ikkje hugse å ha sett dei så tidleg før.


I like


onsdag 26. mars 2014

Glimt frå tur i vårveret


Vårkjensle.

Hestehov - eit sikkert vårteikn.

Eit koseleg gamalt hus
med vårblomster i hagen.

Det er fantastiske vårdagar !
Kuldegrader om natta, men sol til å
nyte på altanen om dagen.

Vona du har det fint òg !

Anne-Mari



mandag 24. mars 2014

Når sol går ned.


Etter ein strålande dag ser det slik ut når
sola går ned.


Vakkert vil eg seie !

Det er meldt fint ver heile veka.
Berre å glede seg.

Anne-Mari




fredag 21. mars 2014

Gamal lampe


Mannen min har arva ein gamal lampe.
Den har tre bein i teak, og plastskjerm.

Den passa godt i glaskarmen på hytta.

Kan vel kallast retro...

Den speglar seg i glaset i lag med
fuglebrettet som heng utanfor.

God helg !

Anne-Mari






onsdag 19. mars 2014

Vindfang/Bislag


Tema: VINDFÅNGARE
er Onsdagstema i dag.

Eg er kanskje ut på viddene når eg
tolkar tema slik eg gjer,
og skriv om vindfang,
eller bislag som dei sa før.

" Vindfang er et lite rom i tilknytning til inngangsdøra til et hus. 
Formålet er å redusere husets varmetap, eller som det kommer av ordet,
 hindre vinden å blåse rett inn i bygningen."
-wikipedia-

Og her er vindfanget i huset vårt.
under 3 kvadratmeter,
men godt å ha når nordvesten står rett
på inngangsdøra
(der eg står og tek bildet)

Den fine blomsterbuketten som eg
 viste her
 har fått plass i vindfanget.
Fordi den inneheld vekstar som
ein allergikar ikkje toler....
Buketten måtte flytte frå stova 
og vil ende sine dagar i vindfanget.
(der eg skal gå fort forbi)

Du kan sjå fleire vindfångare
HER




Ynskjer deg ein fin onsdag !

Anne-Mari




tirsdag 18. mars 2014

Robuste


eller hardføre,
kan ein vel seie dei er,
dei første vekstane som blomstrar
om våren.

Klosterklokkene er av desse,
som stikk hovudet fram og ristar snøen av seg.
Klosterklokker vart dyrka ved klostera i Noreg
så tidleg som på 1100 talet,
og er framleis ei høgt påakta laukplante i
hagane.


Sjå fleire robuste innlegg her
i