tirsdag 4. september 2012

Solbær

Ribes nigrum
latinsk namn på solbærbusken.
Nigrum - svart

Stort innhald av
C-vitamin, 
nesten tre gongar større enn i appelsiner ! 

Slår ein opp i bøker og internett finn ein at
det nesten ikkje er grenser for kor godt solbæra gjer
for kropp og sjel ♥

Her i hagen var det lite solbær i år, men 
me fekk ein smak :)

Nam... gler meg til å ta ein bit..

Det eg lagar sjøl kan etast i trygg forvissing om 
at innhaldet er ekte !
Ikkje som me har høyrt og sett i media i dag
at matvareindustrien


mandag 3. september 2012

Ein bit av mitt fylke

er " Mandagstema nr. 56 "

Mine bilder er frå
Åsen  i Hjartåbygda
.. der mor mi kom i frå
.. der eg var kvar sommar på ferie
.. der det var så god lukt av
brennesle og karve
.. der sola skein heile sommaren ♥


Eg er så glad i dette måleriet av tunet 
på Åsen




søndag 2. september 2012

Handarbeid

Kanskje teikn på at hausten er i anmarsj når
det blir arrangert Låvemesse med salg av
handarbeid.
Der var så utruleg mykje fint at eg
 vart heilt overvelda og
handla lite...


 Desse fekk bli med heim :)

og skal få kvile seg fram til jul.

 Snart trengs varme vottar, 
og pengepung må ein ha med overalt.
Denne er handlaga i mjukt skinn.

Det er berre 2. september idag, 
 eg tenkjer at uansett ver og temperatur kan ein finne gode ting og 
opplevingar å glede seg over framover
 ♥

Ynskjer god søndag til alle !

 



 

fredag 31. august 2012

Himmelsk på Bjørkedalen

På den halvannan timen me brukar til hytta ser me ofte
 himmelske motiv
Bjørkedal,
ei vakker bygd.
Kjend for sin lange tradisjon innan båtbygging.
blant anna vart Saga Siglar som Ragnar Thorseth
segla jorda rundt med, bygt her.

torsdag 30. august 2012

Vis meg din farge


Maia i bloggen  Fabelaktig  
 si utfordring denne månaden er,
Vis meg din farge

Eg  hadde dette innlegget 
tidlegare om Blått,
og må vedgå at det er ein av favorittfargane
mine.





Keramikk av Leif Heiberg Myrdam
Måleria er signert Einar Magne Flø

onsdag 29. august 2012

Saft

Fyrst vil eg takke for alle hyggelege kommentarane på
 innlegga før.
Særleg artig var det å lese om alle som 
har eit forhold til krede, eller aure/ørret.

Har laga saft.
Med mykje bær i nærleiken må eg bruke den til
noko fornuftig. 
Den gamle saftkokaren til svigermor er god å ha
Eg blanda ripsbær og bringebær.
 2 kg sukker på full korg.

I år brukte eg Norgesglas istadenfor flasker.
Brukar slik saft berre når me er mange.

Prøvesmaking av safta idag.
Hadde " søndagsmiddag " på ein onsdag ;)
 Sosakjøt med ertestuing og surkål.
Mangla tytebærsyltetøy så det blir neste prosjekt...

Eg ynskjer god onsdagskveld til alle der ute !



søndag 26. august 2012

Drikk det !

Med dette bildet frå
ein fin augustkveld
på hytta


vil eg vere med i
" Mandagstema # 55 "
Alt som er vakkert med Helene.
Tema idag er
Drikk det ! / Drink it !