onsdag 8. august 2012

Tur, andre del

Frå Romsdalskysten gjekk turen vidare
over
Storseisundbrua
på Atlanterhavsvegen

Me likar å ta litt avstikkarar på rosa vegar på kartet,
og på Averøy gjekk turen mot vestsida av øya






















Heilt vest ligg Honningsøy som fekk bru for berre få år sidan.
Eit lite samfunn med fleire verksemder og privathus.
Her er flott utsikt til Hestskjær fyr.
På øya er det mengder av fiskehjellar,
med vind rett frå havet vil nok fisken tørke fort på desse.

Me grunda litt på kva sauene leita etter på nakne berga,
 kanskje honning ;)

Ramsøy Brygger
må vere eit eldorado for dei som likar å feriere ved
sjøen med storhavet i ryggen.


Tusen takk til alle som har fylgt med på tur så langt :)





tirsdag 7. august 2012

Tur, første del


Hatt nokre fine dagar på tur.
Eg vil dele inntrykk med dykk i nokre innlegg framover.
Så vil du vere med så heng på :)

Med Hustadvika rett inn på fann me denne
"parken" på Kråkholmen.

 Blikkstilt denne dagen, men me veit at på dette havstykket
kan naturkreftene vere sterke.

 Ein flott skulptur står i eit fint tillaga område
som truleg er mykje nytta til rekreasjon og glede.

Vakkert minnesmerke !

På minneplata står:

Kvinnen ved havet
Minnene har skapt årringer i hennes indre,
der hun står innkapslet i vinden.
Med et glimt av håp skuer hun mot uendeligheten.

Torild Storvik Malmedal
Kråkholmen, august 2010

Ein kan berre ane kor mange kvinner og born
som har stått og speida utover havet
i håp om at menn og fedre måtte kome velberga heim.


Myrulla vaia i den stille vinden...



lørdag 4. august 2012

Jordbær

Sjølplukk jordbær på Myrold fruktgard.
Ein god sunnmøring let ikkje slike godbitar gå frå seg..



Godt å få mange porsjonar rørt jordbær i fryseboksa


Jordbærkake høyrer sommaren til.


Eg brukte ikkje hjulvispen !
Kaka vart litt usymmetrisk...men trur ikkje eg kan skulde på
stavmiksaren heller ;)



- Posted using BlogPress from my iPad

mandag 30. juli 2012

Ferie

det regnar ute
hotellrom
nettkontakt ;)
bøker og blad, og kanskje hekle ?



godsaker for meg.



og for han som ikkje er allergisk mot nøtter...


- Posted using BlogPress from my iPad

fredag 27. juli 2012

Peer Gynt

Kjøpte ei ny rose tidleg i sommar
Peer Gynt

Den er eit meisterverk
som set i sving sansane mine
 ♥


Eg er så takksam for alle fine kommentarane
dokke skriv på bloggen min !

God helg !

Klem frå Anne-Mari



onsdag 25. juli 2012

Fisk-anatomi

Ein fin kveld på sjøen.
Åtteåringen og farfar skal prøve fiskelukka


Ein fin liten sei beit på.

 Åtteåringen var mest oppteken av 
anatomien..

 Stor var undringa over at hjartet til fisken "banka"
lenge etter det kom ut i det fri 
(det var nytt for farmor òg)
"Lungene" , lever og rogn vart nøye studert,
og skal takast i vare på glas....ja, han har hatt salt i vatnet ;)
Den vakne lesar ser at hovudet er av ein
makrel, som dei fekk dagen etter ;)
Uansett viktig å ta vare på !! 

Han har lyst til å vise det fram på skulen, men innser at
det blir litt lenge til skulestart..



mandag 23. juli 2012

Hissetre

I gamle dagar brukte dei hissetre eller beretre til dømes til å
bere vatn frå brunnen til klevask, husvask og sjølsagt til mat og drikke.
Det vart også brukt til å bere mjølkespann frå sætra og ned til bygda,
Dei bar nok på den måten for å spare hendene sine.

 Hissetreet har ei utsparing slik at det ligg godt inn til nakken.
Det har eit tau med krokar i kvar ende til å hekte bytta i,
det gjer at det blir balanse og innhaldet i bytta skòlar ikkje så lett utover.

Det er faktisk godt å bruke, 
og for eit par år sidan sparde eg skuldrane mine 
ved å nytte hissetreet til å bere singel.

Ikkje fulle bytter, men etter nokre 
turar jamt og trutt  fekk eg flytta mykje

 småstein frå framsida til baksida av huset.
----

På bildet i midten er ei gamal furu
med klatrehortensia veksande oppetter stamma.
Må berre vise korleis den ser ut no i juli,
og at den no har nådd toppen av treet
(som eigentleg burde vere nedsaga)..


Takk for at du ville høyre om hissetreet ;)

God julimåndag same kva ver det er der du er ♥