torsdag 31. mars 2016

Vårblomar


På tur i den fine 
vårdagen 
openberra det seg
nydelege skattar 
vegkanten


Hestehov




Kusymre


Det er den draumen

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa 
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Olav H. Hauge








tirsdag 29. mars 2016

Stråleglans

då skylaget opna seg
og solstrålane skein gjennom.
Trefte snøen
og vatnet i elva.







mandag 28. mars 2016

lørdag 26. mars 2016

Hytteliv


Glimt frå hytteliv
i påska.
 Ella Victoria lika veldig godt å vere i lag
med storesyskenbarnet Benjamin

Kjekt å vere to om å legge Puslespel :)





onsdag 23. mars 2016

Sikksakkskjørt


Utruleg, men sant,
eg har strikka sikksakkskjørt.

Eg kom på litt seint at eg skulle lage
løpegang for strikk,
men det er heilt greitt at det blir høgt i livet.
Skjørtet er strikka i 
Drops Merino Extra Fine som i 
oppskrifta.

Eg var så nyfiken at eg måtte prøve det før eg 
hadde festa trådar.

Benjamin synest farmor var litt håplaus å ta bilde av,
men han gjorde sitt beste :)
Skjørtet er godt og varmt å ha på seg,
og eg lika fargen.
Det er kjøleg ei stund utover våren
så dette blir brukt !








tirsdag 22. mars 2016

Svaner på Grimstadvatnet


Mannen min trakka sine barnesko
i området ved Grimstadvatnet 
i Hareid kommune

Kvar gong me køyrer hovudvegen til Hareid må han
kaste eitt eller fleire blikk mot
vatnet for å sjå etter svanene.
" er der mange ? ser du dei ? "

Ein dag me gjekk på Rotarystien som
går langs med vatnet,
talde han nesten 50 svaner.

Staselege fuglar.


OurWorldTuesday





mandag 21. mars 2016

Vårjevndøgn


kjem rundt 21. mars,
det døgnet då
natt og dag er like lange
over alt på jorda.
Den dagen blir ofte kalla
starten på våren.
Me lærte på skulen at 1. påskedag er:
 Første søndag
etter første fullmåne etter 
vårjevndøgn.
På primstaven er symbolet for dagen
 hakking i åkeren for å få snøen til å smelte,
påminning om at våronna nærma seg. 
Vintersida på primstaven er 
snart til ende.

Vårteikn er det vel
fleire av, men eg nemner to av dei:
Me bur attmed sjøen og 
både ser og høyre
 Tjelden 
med sin karaktereristiske og høgmælte låt.
Bilde lånt frå nettet
Banett.no


Krokusen kjempar seg fram mellom
greinene til den kraftige
klatrehortensiaen.

MacroMontag





lørdag 19. mars 2016

det er Vår



når isen går,
 på vatnet og søylepyttane




Rør ikke ved mitt hjerte i dag. 
Våren har gjort det alt.
Inger Hagerup



Eg ynskjer alle mine lesarar
eit god Palmehelg.





onsdag 16. mars 2016

Mandelbotn med gelekrem


Det er av og til eg får
spørsmål om å lage kake til 
eit eller anna arrangement som 
musikk/kor-kafè, 17. mai og liknande.
Eg er ikkje så flink med pynting og "stæsjing" 
så siste gongane har eg laga 
denne kaka etter ei gammal oppskrift,
og heldigvis fått gode 
tilbakemeldingar.
 -----
Først lagar eg jordbærgele
og sett til avkjøling,
Male mandler eller nøtter.
Deretter tek eg fram mixebollen.

Mandelbotn
4 egg og
200 gr sukker piskast til eggedosis
2 ss kveitemjøl
2ts bakepulver
200 gr malte mandlar eller nøtter (valgfritt)
Vend det tørre inn i eggedosisen.
Ha røra i smurt ringform 26 cm
Steike på 180 gr 30 til 40 min.
Prøv om den er steikt med ein pinne.
La den stå ei stund i forma før du
snur den på ei rist.

1 pk vaniljekrem smørast utover botnen
Pisk fløte, 3 - 5 dl 
med litt sukker
Bruk ein gaffel og hakk opp gelèen
Bland krem og gele og
legg det over vaniljekremen.

 NB. det er sjølvsagt frivilleg kva ein vil pynte med,
eg har prøvt å legge banan i skiver med krem og hakka sjokolade,
eller sviskekompott med krem oppå.
Godt det også.
Klar til servering.

Kaka er saftig og god, og holdbar
i mange dagar.

God appetitt :)








tirsdag 15. mars 2016

Dompap


Pyrrhula pyrrhula
fugl i Finkefamilien.
Hannen har raudfarga bryst

I fjor på denne tida fekk me ein dag
 besøk av ein Dompap ved hytta.

 Den leita etter frø under
 fuglebrettet

Han var åleine og var så opptatt med
å ete at han
ansa ikkje meg som tok
bilde gjennom vindauget

Fin er han, dompapen :)
Vona me får sjå han i år også.

mandag 14. mars 2016

lørdag 12. mars 2016

Snøklokke


Galanthus nivalis

svensk: Snödroppar
tyskSchneeglöckchen
eesti: Harilik lumikelluke
English: Snowdrop
français: Perce-neige
magyar: Hóvirág
Nederlands: Sneeuwklokje
polski: Tungeknekker
suomi: Puistolumikello
Türkçe: Adi kardelen

Snøklokkene er vakre,
i vase inne
og i fridom ute.


I går grov eg opp ei slik tue med
blomstrande snøklokker og hadde
 dei i ei krukke.
Eg sette den på grava til foreldra mine.
Mamma var så glad i blomster
og gledde seg spesielt over
dei første vårblomstrane.

Høgt elska - sårt sakna




torsdag 10. mars 2016

Solnedgang 10. mars


Etter ein strålande marsdag med
opp til 10 varmegrader 
var solnedgangen 
denne:


After a great day it was this sunset
 at my home place.







onsdag 9. mars 2016

God sjokoladekake

I dag har eg baka sjokoladekake.
Denne oppskrifta har eg brukt før og opplevde at
kaka var god i fleire dagar.
Ei super kake å lage når ein skal levere
til arrangement
og ikkje har tid å bake same dagen.

Eg gjorde det enkelt med pyntinga,
den blir delt opp i bitar
før servering.

Slik pynta eg den til 13 års selskapet
til Celina Marie



No skal me smake ein liten
bit til kaffien...:)







tirsdag 8. mars 2016

8. mars


Gratulere med dagen !


Her i Ulsteinvik blir dagen markert med 
tale av Iselin Eliassen Aske.
Ho skal fortelje om opplevingar ho har hatt som
frivilleg arbeidar på Lesvos.
Zozan Hasan er syrisk kurdar og skal halde appell
Unni Takseth skal lese dikt
Den lokale Amnestygruppa skal ha innslag.
Utdeling av Kvinneprisen 
som kvart år blir gitt til kvinner som har 
utmerka seg i forhold til 
andre menneske i lokalsamfunnet.

Og sjølvsagt blir det mykje fin song,
kaffi og kake  og utlodning.

I år er det kvinnegruppa i 
Ulstein Arbeidarparti som har ansvaret for
arrangementet.
Den oppgåva går på rundgang mellom 
ulike kvinnegrupper i kommunane
Hareid og Ulstein.

Eg ynskjer alle ein fin 
Kvinnedag !




fredag 4. mars 2016

Tova vottar i Drops Lima


I det siste har eg strikka fleire huer i
Drops Lima.
Lika godt garnet og hadde lyst til å strikke
tova vottar som sto til hua eg strikka til meg sjølv.
Eg har googla og søkt både her og der, men
ikkje funne oppskrift på
tova vottar strikka i Lima.
Fann ut at eg skulle prøve meg fram og tok
utgangspunkt i oppskrifta eg brukte
Gjorde ferdig og tova ein vott først for
å sjå om eg trefte med masketal 
og toving.
(fargen er litt feil her)

Oppskrift på tova vottar
(dame)

Garn: Drops Lima (ca 43 gram pr vott.)
Strikkepinnar: 5.0

Legg opp 40 masker og start med 3 riller.
Strikk 28 omgangar glattstrikk,
Auke 4 masker ( 1 maske på kvar strikkepinne) til 44 masker.
Strikk vidare 10 omgangar glattstrikk.
Strikk så dei første 8 maskane inn på ein hjelpetråd,
sett maskane tilbake på venstre strikkepinne og
strikk maskane på nytt.
Strikk vidare 30 omgangar over alle maskane.
Fell slik:
1. og 3. strikkepinne: Strikk 1 maske, ta neste maske laust av, 
strikk neste maske og trekk den lause masken over.
2. og 4. strikkepinne: Når det står att 3 masker på strikkepinnen
strikk 2 rett sammen, og den siste strikkast vanleg.
Strikk 1 omgang utan å felle.
Deretter felle kvar omgang til det står att 8 masker.
Klipp av tråden og trekk tråden gjennom
maskene, og fest godt.

Strikk den andre votten på same måten, men
sett av 8 masker til tommel 
over dei siste maskene.

Strikk tommel slik:
Ta opp maskene over og under hjelpetråden = 16 masker
Ta opp 1 maske ekstra i kvar side = 18 masker
Strikk 18 omgangar glattstrikk.
Fell som over til det står att 4 masker
Klipp av og trekk tråden gjennom.

Eg tova slik:
Vask i maskina med litt Milo 
30 grader ( 1 time 38 min)
Sentrifugering 1200 omdreiningar.

Eg er svært godt fornøgd med resultatet.

Hua og vottane skal eg bruke i helga
då eg skal sitje på tribuna i Kristiansund og sjå, og heie på 
Hødd G16, fotballaget til barnebarnet Benjamin.
Dei skal spele mot jamaldringar frå 
store klubbar som
Rosenborg, Aafk og Kristiansund.
Heia heia !!

God helg til deg òg :)

Helgbilden





tirsdag 1. mars 2016

Mariusvottar


Eg prøvde igjen,
på Mariusvottar.
Denne gongen var det 
Hans-Petter som sto for tur til å få
vottar.
På hytta er det ny vaskemaskin.
Det var første gong eg skulle tove noko i den.
Det var ikkje så enkelt,
eg vaska vottane + ein handduk
på 40 gr finvask med Milo
Då eg tok dei ut var den eine tova og den
andre ikkje....
Prøvde igjen eit par gongar med den største,
og til slutt hadde eg den i 
tørketrommelen.
Dei vart passelege til slutt.

I fjor tova eg mange par vottar og tøfler,
og hadde aldri problem.
I år har eg visst mista "teken".
Men eg kjem nok til å prøve igjen :)


God vårmånad til deg !!

" Kan hende blir det utdelt
nye kort hver vår
til dem som tør å prøve lykken
enda et år "

Anne Grete Preus