onsdag 29. oktober 2014

"Utslagen"


er Onsdagstema i dag

Slik ser det ut 
når 7-åringen organiserer 
felles middagskvild etter
 middagen.






søndag 26. oktober 2014

Eplekake

På Stårheim i Nordfjord er det mange som
driv med fruktdyrking.
I haustferien på hytta kjøpte me ei kasse eple
" Aroma "
Dei er gode å ete, og om det blir att noko
toler dei å lagrast utover hausten.


Bloggen

har oppskrift på eplekake/muffins
som eg ville prøve.


Eg laga to porsjonar så det vart kake 
+ 11 muffins.


Har kjøpt ny paiform med laus ring som
eg ville prøve
Forma er god med belegg som gjer den smørefri,
og handtak som gjer den enkel å få ut av
ovnen .
Eg er fornøgd med den !

Nydeleg eplekake,
her med vaniljeis, piska krem er også godt.


Klikk på linken til bloggen  
der vil du finne oppskrifter, og ikkje minst
sjå alt det vakre handarbeidet ho lagar.


Her er det innesøndag, regn og storm ute.

Anne-Mari





torsdag 23. oktober 2014

Likar

Eg likar godt fargane i puta eg kjøpte av


Ho fann dette retroliknande stoffet på ei reise
 i utlandet.

Eg synest puta passa perfekt i stova på hytta.
Den passa til det gamle teppet på veggen,
 det eine av to forheng
som hang mellom dei små stovene i huset
på Løset, der mannen min vart født.
Han arva det.
Det er vove av heimespunnen- og plantefarga tråd
som var vanleg på den tida.


I like




tirsdag 21. oktober 2014

Er jorda flat ?


Då dei store oppdagarane tok ut på ferdene sine sjøvegen,
var folk redde for at dei skulle seile 
utfor kanten av jorda og forsvinne i djupna...
Det er nok helst myter dette,
for så tidleg som på 1200 talet visste dei at 
jorda er rund, blant anna omtala i det handskrivne
verket Kongespeilet (år 1275)

Under ein tur til Flø kom det føre meg
at det var ikkje rart om folk
trudde jorda var flat.

Berre sjå på desse bilda.


Det er fine oktoberdagar med skiftande
temperaturar frå frost om natta og opp i
16 grader på ettermiddag.
Stundom sol og stundom regn.
Ei flott tid.

I går prøvde eg med reprise av eit tidlegare
innlegg, men det lukkast ikkje heilt.
Eg får halde meg til nye og ferske innlegg forstår eg.

Anne-Mari


mandag 20. oktober 2014

Bismaren

I dag tek eg reprise på eit innlegg frå første hausten
eg blogga.
----------

Bismaren er ei vekt som (er) har vore mykje brukt, kanskje
særleg på gardar.


Ein held, eller heng opp bismaren. Festar det
ein vil vege i kroken.
På stanga er det små hakk for kvart kg, f. eks. 1 til 10 kg.
Ein flyttar loddet til stanga heng vassrett, då har ein
vekta på gjenstanden.

I barndomsheimen min var bismaren mykje brukt f.eks. 
til å vege fiskefangsten,
  eller til slakt.

Den eg har er liten, men den er av den typen som ein kan snu, 
då kan ein vege frå 1 til 10 kg på eine sida,
og frå 11 til 20 kg på andre sida.


                                             Hos oss blir den brukt til pynt.


Eg syns den passar fint i hyttekjøkenet.
Her er den i godt lag med pyntehandduken og benkeduken av 
kjøkensettet som mor mi broderte før ho gifta seg.
        

                           
  Gryteklutane frå Lappelina er som små måleri.


For ikkje så veldig lenge sidan var denne vekta i dagleg bruk.



Her er den lettvinte digitale vekta
eg brukar idag :)


Eg ynskjer fine dagar framover !

klem frå Anne-Mari




søndag 19. oktober 2014

" Vann forandrer alt "


I dag går eg og dei vaksne i familien med bøsser,
og bankar på dørene til husstandane i kommunen
 for å samle inn pengar til
TV-aksjonen NRK 



Pengane skal gå til å gi ein million menneske
varig tilgang til reint vatn.

Lukke til alle som går med bøsser i dag,
vonar det blir mange rause gåver
til ei viktig sak.

Vatn er viktigast av alt !

Helsing Anne-Mari


fredag 17. oktober 2014

torsdag 16. oktober 2014

Trolsk

Skoddedisen låg djupt nede i Hareidsdalen
 i morgontimane i dag.
2 grader og rim på markane.

Grimstadvatnet med eit
trolsk slør over seg.

tirsdag 14. oktober 2014

Vinterdag

14 okober er første dag i vinterhalvåret,
etter primstaven som er ein gamal kalendar der
dagane er markert med eit hakk i ein trestav.
Primstaven har to sider og 14. oktober
skal ein snu staven frå sommarsida
som starta 14. april.

Svigerfar Hans har laga to primstavar til oss,
ein på hytta, og ein heime.

Merket på primstaven er ein vott,
nokre meinar det er ein pavehanske.
Andre merke som kan bli brukt er ei pavehue
eller eit nake lauvtre.


Som veret er vinterdag skal vinteren bli....

Godt ver i dag skal gi fin vinter, og snøen kjem seint.
Kaldt ver i dag er teikn på at det blir mykje snø.
Grønskjær på himmelen er teikn på at det snart blir frost.

Før i tida var det normalt at vinterdagen var flyttedag
for tenestefolk.
14. oktober og 14. april var einaste dagane det var lov
til å skifte arbeidsplass.
Dette var vanleg til midten av 1900 talet.


Det er grunn til å ta seg ein tur ut i det fri i dag.
Om du trur på gamle segn, får du ein peikepinn på kor 
dei neste månadane vil bli,

Det skal blir herleg med snø og skiføre,
men ikkje slett enno....

Ha ein fin vinterdag !

Anne-Mari



fredag 10. oktober 2014

Haustteikn

På turane våre har
barnebarna lagt merke til fine teikn i naturen som
viser hausten sitt inntog.

Nydeleg sopp.

Ein litt sliten raud flugesopp er dekorativ.

Her er vel prosessen komen lenger enn
til haust.....

Den hjarteforma sølepytten fanga
interessa.

Men dette -
blåklokker i oktober !
- er vel ikkje haustteikn ?

Siste bilde lenka til
Sinneskatten - oväntat


God helg !

Anne-Mari



mandag 6. oktober 2014

Haustferie

på hytta med barnebarn
er ei fin oppleving.
Dei har mykje å styre med på
" dippeduttane " sine,
men me må finne på andre aktivitetar også.
Kortspel og quiz er favoritt
innandørs.
Tur i fjell og vidde høyrer også med.
I dag tok me turen til 
Naustdalskammen 475 m. o. h.
Farfar og farmor prøvegjekk dit 
tidlegare i haust
 Her


Frisk start.
Benjamin 14 år, Celina Marie 12 år
Hans-Petter 10 år. Leah Sofie 7 år,
 farfar 68 år.


Fin sti.


Godt for Leah Sofie og ha 
syskenbarnet Benjamin som er stor og sterk og gjerne 
tek ho i armane sine eit stykke.
Lengst bak kan me sjå hytta vår på 
Harpefossen i Hjelmelandsdalen.


Vel oppkomne var det kvild, 
Dei grove horna med ost/skinke,
eller pizzafyll, fekk opp blodsukkeret.

Vinden var kraftig så det var godt å
ligge rett ut ei stund.


Turen nedatt i fint terreng med flotte haustfargar,
og fin utsikt over nordfjorden som har kvite bårer.
Nordfjordeid inst i botnen.

Etter turen var alle samde om at det hadde vore
ein gild tur !






søndag 5. oktober 2014

Rosa

Fototriss del 275: Rosa (till förmån för Rosa Bandet)


Nu är det oktober, den månad som färgas rosa varje år till förmån för Rosa Bandet. Och för femte året ska vi även ha ett rosa fokus i Fototriss och visa vårt stöd för kampen mot bröstcancer - som är den vanligaste cancerformen bland kvinnor.
___________


Her er mitt bidrag:

id




Sjå fleire rosa bidrag 





fredag 3. oktober 2014

Livsfilosofi


Kvinna eg nemnde i innlegget om



 har ein flott livsfilosofi som eg vil 
ta til mitt hjarte og prøve
å leve etter.

Me kom i prat med henne i den bratte stigninga opp
til Kjenndalsvatnet då ho hadde ein
liten pause.
Spurde etter alderen og at me
var imponert over kor sprek ho var.

" Eg er 79 år og går tur kvar dag,
helsa mi er god
 og eg ser det slik at eg pliktar å ta vare på den
 med å halde kroppen min i god form."

SÅ godt kan dei seiast - og gjerast !


Anne-Mari





torsdag 2. oktober 2014

Kjenndalshytta

ved Kjenndalsvatnet
er ei steinhytte bygt for omlag 90 år sidan.
Stein til bygging hadde dei nok av
i området rundt,
men eit slit var det å få andre 
nødvendige ting til 
810 m høgde.

Frå hytta vår som ligg på 
Harpefossen skisenter i Nordfjord, 
gjekk me ein fin tur i
fjellet.



Ein liten pust i bakken ved Kjenndalshytta,

Frå andre sida av Kjenndalsvatnet ser ein
hytta midt i bildet.

Godt handverk.


Då me gjekk forbi på heimvegen var ei av eigarane
koma til hytta.
Ho viste oss bilde som viser at det er
ei mykje brukt hytte, både 
sommar og vinter.


Link til: Torsdagstema

Fredagstema: Menneskeskapt