mandag 20. oktober 2014

Bismaren

I dag tek eg reprise på eit innlegg frå første hausten
eg blogga.
----------

Bismaren er ei vekt som (er) har vore mykje brukt, kanskje
særleg på gardar.


Ein held, eller heng opp bismaren. Festar det
ein vil vege i kroken.
På stanga er det små hakk for kvart kg, f. eks. 1 til 10 kg.
Ein flyttar loddet til stanga heng vassrett, då har ein
vekta på gjenstanden.

I barndomsheimen min var bismaren mykje brukt f.eks. 
til å vege fiskefangsten,
  eller til slakt.

Den eg har er liten, men den er av den typen som ein kan snu, 
då kan ein vege frå 1 til 10 kg på eine sida,
og frå 11 til 20 kg på andre sida.


                                             Hos oss blir den brukt til pynt.


Eg syns den passar fint i hyttekjøkenet.
Her er den i godt lag med pyntehandduken og benkeduken av 
kjøkensettet som mor mi broderte før ho gifta seg.
        

                           
  Gryteklutane frå Lappelina er som små måleri.


For ikkje så veldig lenge sidan var denne vekta i dagleg bruk.



Her er den lettvinte digitale vekta
eg brukar idag :)


Eg ynskjer fine dagar framover !

klem frå Anne-Mari




5 kommentarer:

  1. Stilig som pynt :)
    Eg har ikkje noko oppskrift på strikkalykta mi, strikka den berre slik att den passa til ei glaslykt eg hadde ;)

    Klem Anita

    SvarSlett
  2. Hei, så kjekt du likte bordet mitt, det er malt i eggeskall, det liker jeg best, da er det hvitt men ikkje kritthvitt og kaldt som det ofte kan bli med helt hvitt.
    Det hyttekjøkkenet ditt er bare helt snadder lekkert, og så flott bismare, det har jeg aldri sett eller hørt om.
    Man lærer så lenge man lever:o)

    Ha en flott kveld
    Klem Åse

    SvarSlett
  3. Å så fine gammel vekter! Ikke så nøyaktige som de digitale, men du verden så sjarmerende!

    SvarSlett
  4. Hei farmor stilig blogg.Eg likar bismaren den er stilig.

    BENJAMIN

    SvarSlett
  5. Åh,kor kjekt at du likar bloggen min Benjamin :)

    Du er super !

    Klem frå farmor <3

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)