søndag 30. september 2012

Plommer

Utfordringa i "Mandagstema # 60 er
Haust/Fall

Om hausten når plommene modnar....



brukar eg å hermetisere på Norgesglas ....


nyte til dessert og kaffikos....
gjerne gi vekk som gåve til familie og venner....

Denne haustaktiviteten er mitt bidrag.

Sjå fleire hos
http://helenesblogadresseat.blogspot.



- Posted using BlogPress from my iPad

lørdag 29. september 2012

Saueskinn

Deilige saueskinn sto på ynskjelista når me går mot ein
kald og lang vinter på hytta
Det er mange slags skinn å få i butikkane,
men ein dag fekk me høyre om ei dame som sel skinn
frå eigne sauer.
Ein vakker solskinnsdag køyrde me den nye
Kvivsvegen og stoppa på Hjorthaug, nær Åsen
som eg skreiv om i eit innlegg i mandagstema tidlegare denne månaden.


Mone Løvøy, bonden/læraren som driv med
Villsau, sau av gamal norsk rase.


Ho har mange flotte skinn å velje mellom.


Her har dei nydeleg utsikt
utover fjorden mot Volda -


- og innover Austefjorden



På hytta har me kjøpt Cedertremøblar.
Treverket skal ikkje behandlast og vil etter nokre år få
ein fin sølvgrå farge.
Difor kjøpte me litt mørke skinn.


Snur me stolane kan den fine utsikta
til sela på Tippasetra nytast.

God helg !

- Posted using BlogPress from my iPad

torsdag 27. september 2012

Ein plass i sola

Her har vore strålande dagar.
Då eg såg dette tenkte eg at dei som busette seg her
visste at sola skein ekstra her :)

Dette er mitt bidrag til
Himmelsk # 104





Fleire himmelske bilder ser du hos
http://petuniablogg


- Posted using BlogPress from my iPad

tirsdag 25. september 2012

Utandørs

Fyrst vil eg takke alle som tek turen inn på
bloggen min, eg er overvelda og takksam !
Det gir inspirasjon til å fortsette.

PCen min har virusinfeksjon og innlagt
i "sjukehus" så i ventetida prøver eg å bli betre
kjent me iPaden.
Må innrømme at me er ikkje alltid einige ;)

Ei runde ute no i kveldinga ga dette resultatet



Bessie i fullt firsprang



Ho likar IKKJE lyden av plenklipparen og søkjer trøyst hos meg
(likar ikkje lyden eg heller så me er einige)




Det syng på siste verset for Skaugumbegoniaen, snart skal
knollen takast inn.




Hortensia som sto i krukke i fjor og planta ut. Kom seint, men godt.




Geranniumen er ein hardhaus.




Trufast år etter år :)




Fredløs, kvifor heiter den det ?
Er det fordi den spreier seg utover ?




Clematisen blomstrar lenge.




Rosa rugosa, nydeleg,men utrydningstrua.




Ei som har misforstått kva måned me er i....




Slik er utsikta mi i kveld :)

God tysdagskveld !


- Posted using BlogPress from my iPad

søndag 23. september 2012

Kvit bjørkelegg

Eg blir alltid så fascinert når eg
ser bjørk med kvit stamme.
Må stanse og nyte synet.



Med fossefallet som næraste granne
står denne bjørka høgreist og stolt.
Ho ventar litt til med å kaste blada sine.

Med dette ynskjer eg ei god veke,
den siste i september ;)

Klem frå Anne-Mari



- Posted using BlogPress from my iPad

lørdag 22. september 2012

Fargar

Det er tid for å nyte haustfargane



dei vakre lønneblada






rognebæra som strekker seg mot fossen




nysnøen i fjella som bakteppe for
haustfargane.

Etter ein våt og grå sommar vonar eg at
hausten blir ei fin tid som kan gi inspirasjon og glede !

God hausthelg !

- Posted using BlogPress from my iPad

torsdag 20. september 2012

Verdens mest ramponeringssikre buss-skur

I Bjørnevatn nær Kirkenes var dei plaga med at
ungdom øydela buss- skuret i bygda.
I NRK programmet Norsk attraksjon med Linda Eide
fekk heile Noreg sjå kor bygdefolket
løyste problemet




Ei 22 tonn tung malmskuffe !!
Henta frå Syd-Varanger gruver.
Denne står nok trygt imot ungdomens krefter og overmot ;)
(bildet er teke frå buss i fart, som du kanskje ser...)

Det kjem meir frå Kirkenes,
men PC-en svikta så det blir iPad-innlegg nokre dagar
med avgrensa tilgong på bilder frå turen.



- Posted using BlogPress from my iPad

onsdag 19. september 2012

Strikkepinne-etui

Eg strikkar ikkje så mykje,
men har pinnar...
runde, lange, tjukke og tynne.
Har ikkje heilt orden på dei, har lurt litt på korleis eg kunne
 lage ei system ?

Så oppdaga eg at den superflinke bloggaren
laga strikkepinne-etui !

Ho lagar mange mange flotte ting.
Klikk deg inn på bloggen hennar og sjå alle fine 
handarbeida hennar.

Eg tok kontakt og fekk velje mellom fleire fargar.
Ikkje uventa valde eg det blå..
 Over ser du strikkepinne-etuiet på innsida

Dette er utsida. Knytebanda ligg litt
hulter til bulter på bildet

Namnet hennar Ann-Mari,
(nesten som mitt, men der stoppar likheita.
Eg kan ikkje måle meg med henne på
 handarbeidsfronten iallfall ;)
 
Har lagt pinnar, runde og lange, 
inni lommene,
og knytt banda saman.
Alt ligg på plass..
Ryddig og fint !!
Eg vil bestille meg eit etui til, for
eg fekk ikkje plass til alle strikkepinnane mine,
har også mange heklekrokar som
skal ordnast i system ;) 



mandag 17. september 2012

Rå blåbærsaft

Fann akkurat 3 kg blåbær.
Tok det som eit teikn på at i år skal 
eg lage rå blåbærsaft.

 Store fine bær !


Vel heimkoma frå hytta fann eg fram passande kjærald.

3 kg blåbær
3 liter vatn
50 gr vinsyre (sitronsyre)
Trekke i 3 døgn på ein kjøleg stad
Sile
Tilsette 4,5 kg sukker
Røre til sukkeret er oppløyst - 1-2 dagar
Eg brukar å lagre safta i passande emballasje og frys den.


Klar og fin,
og nydeleg på smak.
Smakar ekstra godt til gode 
middagar i jula :)


Takk for alle gode og varmande kommentarane
eg har fått,
og takk for alle besøka 

Ynskjer fin veke til alle !
Klem frå Anne-Mari


søndag 16. september 2012

" Mandagstema - mjukt/soft "

Eg vil presentere
som svar på utfordringa frå
Helene denne veka.

Me hadde ein opplevingsrik og strålande augustdag 
på Hakellegarden i lag med borneborn ♥

Den mjuke lamaen er mitt bidrag.

Sjå alle fine bilda i:


fredag 14. september 2012

Kirkenes


Utsikta frå hotellromet i Kirkenes i går.

Midt på dagen


Haustfargane er på plass i fin harmoni til hallen på skipsverftet.



Kveldshimmelen !

Og eg som trudde den var finast heime på Sunnmøre....

Meir frå Noregs austlegaste by kjem seinare :)

God helg !


- Posted using BlogPress from my iPad

mandag 10. september 2012

" Mandagstema - Buet/Curved "

 
Naturen kan vere den mest 
kreative meister !


Eg ser eit vesen med barnet sitt i favna,
Kva ser du ? 


Her er mitt bøygde motiv
 i Helene sitt 
mandagstema # 57

Du kan sjå fleire bidrag
HER 



søndag 9. september 2012

Minneboka

Den gode lukta og fargen på desse rosene
 fekk tankane til å 
krinse om eit
vers


roser er røde
fioler er blå
druer er søte
og du er likeså

Det var vanleg å skrive dette i
 minnebøkene



Eg leita fram minneboka mi
og blada i den.


Den er full av fine helsingar.


Kjekt å minnast tider som var...



Vonar du har ein fin søndagskveld og
at du får ei god ny veke !

Klem frå Anne-Mari

Ps. Takk for fine kommentarar på innlegget 
Himmelsk i Kilsfjorden
Artige forslag om kva ein kan sjå i bildet :)





fredag 7. september 2012

Avrime frysaren

Eg brukar å rime av frysaren kvar haust.
Då er der mykje is langs sidene.
Fyrste strevet er å psyke seg opp til å sette i gong... 
Eg har gjort det i dag !

Sette to bytter
varmt vatn på botnen 20-30 minutt,
sjølsagt etter at eg tok ut alle matvarene
(eg skal love at det var masse matvarer, hihi..)

 
Fått tips om ein makelaus framgongsmåte.
(sjå bildet)
Bruke ei flaske og slå mot sidene
så isen losnar i store flak.
Utruleg effektivt !

Heile operasjonen, frå eg tok ut støpselet,
tok ut alle matvarene,
 fjerna isen,
 vaska og tørka,
la matvarene oppi att,
gjekk det omlag to timar !

Puh, eg skal ikkje gå i detaljar
over kor gåen eg var/er etterpå...
Men FOR ei god kjensle når det er gjort...
og så fann eg så mykje god mat som eg ikkje hugsa eg hadde...
Hushaldningsbudsjettet vil minke mange dagar framover ;)

Kanskje har du betre og lurare måtar å avrime frysaren på,
men eg hadde lyst å dele denne med deg.


Eg er så glad og takksam for alle besøka og
kommentarane frå dokke !

God fredagskveld !

Klem frå Anne-Mari
 

torsdag 6. september 2012

Himmelsk i Kilsfjorden

Som sagt i tidlegare innlegg,
 ser me mange fine motiv
på vegen til hytta.

Her er mitt bidrag
i Himmelsk #101
hos Petunia

Ein tidleg vårmorgen i Kilsfjorden