fredag 27. januar 2012

Røyskatt

Skulle nytte dagslyset å ta litt bilder frå
gangen på hytta
Lysare i jula ?

Det viste seg å vere risikabelt
å ha opa dør for å sleppe dagslyset inn...

Utføre kom ein nysgjerrig liten
fyr, hadde lyst inn ?

Ikkje redd dei farlege menneska
som hadde vore uforsiktige å gløymt
søppelposen med matrestar.
Han hadde nok kosa seg ei heil veke.

ps. ein får ikkje tid til å rydde før fotoseanse ved
slikt celebert besøk ;)


Røyskatt (Mustela erminea)
eit lite rovdyr i mårdyrfamilien.
Vinterpelsen som også blir kalla hermelin,
er kvit. Halen er svart heile året.
Røyskatten stel mat eller andre ting frå
kjellarar og liknande, og lagrar det
Pels av røyskatt var frå gamalt av ettertrakta pelsvare.
Både kongar og fyrster ynskte hermelin til
kroningskappene sine som dei pynta seg med til
spesielle anledninger.
I dag er det heldigvis ikkje populært å vise seg i pels lenger.

Moralen er:
Ta godt vare på dyra, men hald
dører og vindauge attletne,,,,
Høyrde ei historie om ein mår som hadde komt seg
inn i ei hytte og herja i vekevis før den døydde.

God helg !

helsing Anne-Mari




4 kommentarer:

  1. Herlige bilder..og fyren er jo søt.Men som du sier:den kan gjøre mye ramp!
    Ha fin helg!

    SvarSlett
  2. Den søte gjesten da :)

    Hytta di ser ut til å vere ein god stad ♥ Vakkert!

    Kjempe fine bilder..

    Å du, tusen ♥ takk for slike fine ord frå deg :)
    Hmmmm...Då spørst det om ikkje eg har brukt for lite fløte ;p
    Svigers og ei oldemor får vere testarane.. ;)

    Nyt helga ♥


    Klem frå Astrid

    SvarSlett
  3. Oj sann...., jeg synes helt klart slike små egner seg best LANGT uti skogen...!!
    Klem♥

    SvarSlett
  4. Å så nydelig røyskatt! Bra han ikke ble innestengt ja..
    Heldig som har hytte altså! Der så det herlig ut!

    Fin søndagskveld til deg også!
    Klem fra Inger

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)